VTA – varige tilrettelagde arbeidsplassar
Målgruppa for dette tiltaket er personar som har fått, eller vil få innvilga uførestønad, og som ynskjer eit tilrettelagt arbeid.
Ulstein Produksjon har 10 faste plassar for VTA, og kan tilby produksjons- og servicearbeid på fruktavdelinga, samt produksjonsarbeid ved hjelp av moderne maskiner og utstyr på treavdelinga.
Den overordna målsettinga for tiltaket VTA er at arbeidet skal bidra til å oppretthalde, og å utvikle ressursar hjå arbeidstakarane. Dette vil kunne gje positive ringverknader for den enkelte:
- inkludering i arbeidslivet
- auka sjølvkjensle
- bedre meistringskjensle
- bedre helse
- auka livskvalitet
Det er ikkje tidsbegrensing på kor lenge ein kan vere i dette tiltaket Det skal likevel vere ei jamnleg vurdering i forhold til overgong til andre attføringstiltak, eller til fast arbeid i ekstern bedrift.