Vårt tilbod og vår profil er i sterk endring.
Som du du kan lese i "Om oss" jobbar me no med å endre fokuset i bedrifta frå produksjonsfokus til individfokus, det vil sei at vi går frå å prioritere produksjonen og inntjening til å prioritere deg og dine utfordringar.
Me trur at ved å prioritere individet både i forhold til rettar og plikter, i forhold til utvikling og deltakelse, medbestemmelse og ansvarsdeling, vil me også kunne få eit sterkare, meir kreativt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø til utvikling for både individ og bedrift.
For å kunne møte det mangfald av interesser, evner og utfordringar me finne ute blant dåke alle, og for å kunne dra nytte av og utvikle dine ressursar på ein best mogleg måte, utviklar me no bedrfita med nye avdelingar innanfor ulike yrke, bygger ut kompetansen innanfor teori og undervisning, samt set fokus på moglegheit for å kunne suplere tilbodet med rein fysisk aktivitet.
Me ynskjer å saman med deg kunne skape eit arbeidsmiljø til å trives i, vokse i, kunne vere usikker i, kunne utvikle trygghet i og fremfor alt til å kunne vere stolt av. Stolt av oss sjølve - alle oss (deg også?) som er med og bidrar i denne bedrifta.