Rettar og plikter for deltakar på AB,APS,VTA ved Ulshav AS.
- Tilsette i VTA vert definerte som arbeidstakarar i høve arbeidsmiljølova og vert omfatta av denne i si heilheit.
- Tilsette på APS og AB vert ikkje juridisk rekna som tilsette, men likevel gjeld arbeidsmiljølova sine paragrafar §1-13, kap. 18 og §19-1.
- Ved inntak til tiltak hjå oss, vil kvar enkelt deltakar få ein kontaktperson å forhalde seg til.
- Alle tilsette/ deltakarar har krav på oppfølgingssamtalar ut frå individuelle behov, j.fr. prosedyre for tiltaket.
- Det skal i samarbeid med tilsette/deltakar utarbeidast handlings-/ oppfølgingsplan, med vekt på livskvalitet definert for den enkelte, med type, omfang og varigheit av oppfølginga.
- Tilsette/ deltakar har medansvar for innhaldet i og utarbeidinga av planen, og må gje melding ved vesentlege endringar i eigen situasjon.
- Ved behov og der det er aktuelt, kan tilsette/deltakar gje skriftleg samtykke til at bistandsperson/ hjelpeverge kan ha fri informasjonsutveksling med tiltaksarrangør og tilretteleggar, og kan både tale deltakar si sak og levere klage på deltakar si vegne.
- Avtalar skal haldast av båe partar, og ein skal vektlegge god kommunikasjon.
- Ved sjukdom skal tilsette/ deltakar gje beskjed så snart som råd, fortrinnsvis same morgon, og levere skjema for eigenmelding eventuelt sjukmelding.
- Permisjon vert innvilga etter avtale, tilsette/ deltakar fyller ut søknadsskjema for permisjon.
- Tilsette/ deltakarar som har behov for koordinering av fleire tenester og hjelpeinstansar, har rett til individuell plan, og ansvarsgruppe for sikring av samarbeidet.
Økonomiske ytingar under tilsetting/ deltaking på tiltak ligg til NAV sitt ansvarsområde. Likeeins forhold rundt innsending av meldekort vert å ta opp med sakshandsamar i NAV.