Prosedyre for konflikthandtering og klagehandsaming
Som førebyggjande tiltak vert det nytta oppfølgingssamtalar/ medarebidersamtalar med alle tilsette/ deltakarar, samt evalueringsskjema som fyllast ut av tilsette/ deltakar, (eller hjelpeverge i aktuelle tilfelle).
Informasjon om rettar og plikter for tilsette/ deltakar, foreskrifter gjeldande for tiltaksbedrifter og denne klagehandsamingsprosedyren, er gjort kjent for alle arbeidstakarar/ deltakarar og/eller verge ved formelt inntak.
Ordinært tilsette pliktar å gjere seg kjende med denne prosedyre, og skal sjølv nytte same framgongsmåte ved eige høve.
Prosedyren finn du ved å klikke her
- Alle klager skal behandlast på lågast mogleg nivå i bedrifta.
- Om nødvendig skal klaga vidaresendast til næraste overordna.
- Det skal visast openheit i klagebehandlinga innanfor dei reglar og lover som gjeld for handtering av konfidensiell informasjon.
- Den som klagar skal ha tilbakemelding om resultatet, og kvifor svaret vart som det vart.
- Ved behov, skal den tilsette ved bedrifta hjelpe til med å skriftleggjere klaga for deltakar.
- Kopi av klage og resultat, leggast i eigen perm for bruk i utarbeiding av årsrapport.
- Klage, behandling og resultat vert elles loggført i personleg mappe i Ulshav sitt personalsystem.